I 1992 gjennomførte fylkeskonservator i Vest-Agder fylke arkeologiske registreringsundersøkingar på Kanten. Ein av grunneigarane opplyste arkeologane om steinøkser og eit flintreiskap, funne på ei grasslette omtalt som Jakobhola. Øksene er skada, men begge av typen trinnøks som skal tidfestast til eldre steinalder, ca. 8300–5700 år f.Kr. Fram til i dag har Jakobhola vore definert som ein funnstad for steinøkser, og fram til nyleg har steinøksene vore i privat eige. Prosjektet E39 Kanten gav moglegheit til å undersøke grasletta med funn av steinøksene frå eldre steinalder.
Jakobhola ligger på ei grasslette mellom to skogkledde åsar, om lag 6 meter over det høgste nivået som havet har hatt i steinalderen. Dette betyr at eventuell aktivitet på Jakobhola frå eldre steinalder, har føregått utan direkte samband med samtidig strand.

Figur 1. Grassletta omtalt som Jakobhola, og eit lite glimt av Mandalselva 200 meter bakanfor. Foto: Tina J. Granados
Fokus for undersøkinga var å kartelegge eventuelle aktivitetsspor frå steinalder. Torv og matjord vart fjerna med gravemaskin, og det vart gjennomført ei innleiande kartleggingsundersøking retta mot å påvise- og samle inn, strukturar og funn frå steinalder. Dette arbeidet resulterte i 14 steingjenstandar funne i jordlag saman med moderne søppel som glas og teglstein. Det fanst ingen spor etter busetnad frå steinalder. Heller ingen ytterlegare funn av steinøkser.
Grassletta som fram til nyleg har vore nytta som slåttemark, fekk endra karakter etter avdekkinga med gravemaskin. I midtre del av flata var det djup torvjord som inneheldt moderne avfall. Fleire dreneringsgrøfter og ein gamal brønn kom fram i dagen. I tråd med namnet på staden vart det tydeleg at Jakobhola ein gong har vore eit søkk, eller ei stor hole i bakken.
Med si kystnære lokalisering manglar Jakobhola landskapstrekk og velkjente faktorar som me gjerne forventar skal finnast i områder nytta til busetnad i steinalderen. Nærleik til samtidig strand, gode førhistoriske hamnetilhøve, vind- og soleksponering, drenering for vatn, utsikt og skjerming, er nokre døme på faktorar som har imøtegått enkelte funksjonelle behov for opphald og busetnad. Lokalitetane Kanten 1 og Ime Myrane som begge har aktivitetsspor frå eldre steinalder, er gode døme på busetnadsområder med slike landsskapstilhøve.

Figur 2. Modifisert dronefoto av Kanten med havnivået heva til 7–8 moh, sett mot vest-nordvest. Dronefoto: Steinar Kristensen. Modifisering: Anette Sand-Eriksen.
Resultata frå undersøkinga av Jakobhola sett i samanheng med dei førebels resultata frå den pågåande undersøkinga på Kanten 1 og Ime Myrane, gjer det nærliggande å avskrive Jakobhola som ein aktivitetsstad frå eldre steinalder. Grassletta på Jakobhola har vore planert og drifta, og i samband med dette kan det tenkast at jordmassar har vore henta frå omliggande områder av Kanten, og tilført Jakobhola. Fråvær av ytterlegare førhistoriske gjenstandsfunn – til tross for den målretta arkeologiske undersøkinga – gir sterke haldepunkt om at trinnøksene og flintreiskapen ein gong funne på Jakobhola, truleg har opphavsstad frå ein av dei to andre lokalitetane like ved.

Figur 3. Trinnøkser frå Jakobhola (to lengst til venstre), Kanten 1 (to i midten) og Ime Myrane (til høgre). Foto: Tina J. Granados
Trinnøksene og flintreiskapen frå Jakobhola, vart levert inn til arkeologane på E39-Kanten ein dag i august. Ved å samanlikne trinnøksene med trinnøkser frå Kanten 1 og Ime Myrane, kan ein observere at steinråstoffet har utprega visuelle likskapar. Øksene kan vere laga av bergart frå same råstoffkjelde. Dette er med på å underbygge konklusjonen om at trinnøksene frå Jakobhola, saman med resten av steingjenstandane, er frå deponerte jordmassar.
Sjølv om fleire hundre år kan skilje bruken av dei einskilde øksene, er det ein god tanke at trinnøksene funne på Jakobhola, kan inngå i kulturhistoriske tolkingar om eldre steinalder, som vil følgje frå den arkeologiske undersøkinga på Kanten.