Arkeologiske utgravingar kan vere små eller store, dei kan omfatte enkeltminne eller berre delar av enkeltminne – eller omfattande kulturminne av mange typar. I samanheng med omlegging av rv. 36 hadde Kulturhistorisk museum i 2016 ei utgraving rett nord for Solum kyrkje, om lag 750 m vest-sørvest for Geiteryggen lufthamn og knappe 5 km frå Skien sentrum. Det undersøkte arealet var ikkje så stort, men dei mange og varierte funna gav ei brei forståing av samfunnet for om lag 1500 år sidan. Ei hustuft med langhus, fleire gravminne, spor av produksjonsaktivitet og rydning av området låg innafor eit område på ca. 3,5 mål. I tillegg vart det undersøkt ein holveg om lag 250 m aust for dei andre anlegga. Området som vart undersøkt låg i ei vest- til nordvest-vendt helling, med fleire terrassar i terrenget. Øvst i søraust var eit gravfelt, på den midtre terrassen låg hustufta og nedst i sørvest var ein stor gravhaug i skrånande terreng. Små røyser og samlingar av stein var spreidde omkring i undersøkingsområdet, medan kokegroper låg særskild i sørleg del på alle nivå.

Kart over hovudfeltet med dei viktigaste strukturane markerte. Kart: Camilla C. Wenn/KHM.
Kvar for seg var kulturminna interessante, men det som var særleg spanande var at fleire av dei var samtidige, slik at vi fekk fleire innblikk på same busetjinga. Gjenstandsfunn og prøveresultat frå prosjektet fortel om livet på garden, kva bebuarane dyrka og åt, og korleis dei handsama sine døde.

Det undersøkte området (unntatt holvegen), sett mot sør. Til venstre er den øvre terrassen med gravene, i midten hustufta, med røyser bakafor, og bak til høgre er restane av den største gravhaugen. Dronefoto: Steinar Kristensen/KHM.
Hustufta
Undersøkingsområdet var i utmark, og hustufta var derfor langt betre bevart enn fleirtalet av hus vi grev ut som ligg i dyrka mark, der overflata på husa ofte er sterkt skada av moderne pløying. Huset låg i svak helling og fleire strukturelle element var bevarte som viste tilpassing til terrenget. Sør- og vestsida som låg lågast i terrenget var bygt opp med lag av stein og sand for å skape ei tilnærma plan grunnflate. Langs austsida av tufta låg ei 1,8-3,2 m brei grøft som leia vatn frå terrassen over vekk frå golvflata i huset. På regntunge dagar under utgravinga var det tydeleg at grøfta framleis var verksam og effektiv, 1500 år etter ho vart grave.

Hustufta sett mot nord. Avgrensinga i forkant er definert av steinrekkja, og den drenerande grøfta kan sjåast langs venstresida. Foto: Camilla C. Wenn/KHM.
Inne i tufta fann vi mange stolpehol, men dei regelbundne systema som gjer oss i stand til å forstå korleis huset var bygd opp var vanskelege å få tak på. Den best bevarte grunnplanen er truleg den yngste, og syner eit treskipa langhus som har vore om lag 32 m langt og 8 m breitt, med svakt krumme veggar. Treslaganalyser viste at fleire stolpar i huset var av furu, men at både furu og lauvtre, særleg bjørk, vart brukte til brensel.
Det viste seg å vere vanskeleg å tolke korleis funksjonsinndelinga i tufta hadde vore. Strukturar og naturvitskapelege analyser gjev ikkje eit eintydig bilete av aktivitetane, og reflekterer truleg at huset har vore brukt til mange forskjellege ting gjennom si levetid, og varierande frå årstid til årstid. Det ser berre ut til å ha vore éin eldstad, i midtre del av huset, og fordi det vart funne del av ei dreiekvern rett attmed eldstaden, kan det vere i dette området ein har kverna kornet. I den nordlege delen var mange små groper, ofte med kol i, og med spreidde restar av produksjonsavfall. Dette er tolka som moglege restar av smiding. Liknande hus frå same periode har hatt plass til husdyra innom veggane, og truleg har det også vore slik på Solum, men spora etter dette vart ikkje funne.
Over alt i hustufta vart det funne fragment av brend leire, som kan vere restar av leirklinte veggar, omnar eller liknande. Nokre meir definerte gjenstandar dukka også opp: Ein nesten komplett nøkkel i jern, del av ein kniv, dekorerte keramikkfragment og del av ein eldslagingsstein.
Gravene
På den øvste terrassen, med flott utsikt over landskapet, låg tre gravhaugar og ei dobbel steinsetting.

Den øvste terrassen i aust med tre gravhaugar og to steinsettingar, markert med grøne sirklar og firkantar. Fotogrammetri: Kristin Eriksen/KHM.
Den største av desse gravhaugane (A2000) var om lag 9,5 m brei og 0,75 cm høy. Haugen hadde ein kjerne av steinar, som var lagt rett over likbålet. Her var eit tjukt lag trekol blanda med brende menneskebein. Funna kan tyde på at den døde hadde på seg eit belte med nyttige gjenstandar. Det vart funne små jernringar med feste, og to pinsettar i koparlegering, ein eldslagingsstein med tilhøyrande syl og ein mogleg kam i bein/horn. To små klumpar sølv låg og i bålet, men dei ser ut til å ha vorte smelta om i varmen og det er uklart kva dei har vore opphavleg. Denne gravhaugen hadde ei djup plyndringsgrop, lik dei andre gravhaugane, men i dette tilfellet hadde gjerningsmennene forrekna seg og bomma på sjølve grava. Berre ein liten flik av kollaget var råka av forstyrringa. Dei to små gravhaugane (A1000 og A5000) var tomme, og vi veit ikkje om gravrøvarane fekk med seg det som var, eller om dei i utgangspunktet ikkje hadde gravfunn. Det finst gravhaugar som er tomme. Kan hende skal desse tolkast som minnesmerke, kenotafar, over daude personar, der lekamen ikkje kunne gravleggjast, til dømes fordi han forsvann til sjøs.

Den eine pinsetten frå gravhaug A2000. Foto: Camilla C. Wenn/KHM.
To firkanta steinsettingar (A8000 og A9000) låg sør om gravhaugane, hjørne mot hjørne. I A8000 vart det funne brende menneskebein i eit kollag, eit fragment av nok ein pinsett i koparlegering, og eit lite jernfragment. I A9000 var det litt kol, men ikkje bein. I staden vart det funne eit stort fragment brend flint med avspaltingar, og tre særeigne steinar: ein ganske stor og rund stein, kanskje ein såkalla klotstein, ein grøn stein og ein raud stein. Dei skilde seg alle frå andre steinar på Solum, både dei vi fann i konstruksjonar, og dei som var naturlege i grunnen. Plasseringa i steinsettinga viser at dei hadde ein funksjon og tyding. Fordi berre den eine steinsettinga inneheld brende bein, tolkar vi steinsettingane som to delar av eitt gravminne.

Steinsettinga A9000. Om lag midt i bilete er den grøne steinen, litt til høgre for denne er den store, runde steinen, og enda lengre til høgre ligg den raude steinen. Foto: Zanette T. Glørstad/Vivian Wangen/KHM.
Den fjerde gravhaugen (A3000) låg i vest, nær botnen av ei skråning, som er ei uvanleg plassering. Den var nesten 20 m brei og opp mot 1,25 m høg, og hadde ei markant kjernerøys i midten. Ei plyndringsgrop var grave tvers gjennom kjernerøysa, og ser ut til å ha råka sentrum av gravlegginga. I denne gravhaugen var det ikkje spor etter likbål, og funna var avgrensa til spreidde fragment av brende bein og keramikk i jorda rundt plyndringsgropa.

Gravhaug A3000 låg mot botnen av ei skråning. Ei stor grop i midten synte at haugen hadde vorte opna i fortida, og truleg vart ein del av steinane som låg på nedsida av haugen kasta ut frå steinpakninga i midten av haugen den gongen. Foto: Camilla C. Wenn/KHM.
Livet på Solum
Dateringar av trekol, brende korn og brende bein gjev eit klart bilete av at gravene og hustufta var samtidige. Dei fleste dateringane høyrer heime i folkevandringstid (ca. 400-550 e.Kr.), men nokre tidlegare dateringar syner at busetjinga på Solum truleg var etablert kring 200-300 e.Kr., i yngre romartid. Gjenstandsfunna, både frå gravene og frå hustufta, høyrer til i same tidsrom. Vi har altså både busetjinga for dei levande, og gravene der dei la ned (nokre av) sine døde.
Ei årsak til at hustufta ligg der ho gjer kan vere tilgang til vatn. Det finst få sikre kjelder til vatn i nærleiken, men om lag 200 m nord om kollen ligg den såkalla Prestolla, eit naturleg oppkomme for vatn, som sjeldan frys eller vert tomt. Kollen i seg sjølv kan synast som eit skrint og marginalt område. Grunnen har grov sand og grus blanda med stein i alle storleikar, og det vart det avdekka fleire samlingar med stein, særskild i sørleg del av området. Desse er tolka som rydningsrøyser. Rydningsrøyser blir ofte knytt til dyrking, men det var truleg ikkje av den grunn ein rydda stein på kollen på Solum. Det var ingen dyrkingslag under torva og ikkje spor etter til dømes gjødsling på sjølve kollen, og den grove grunnen synast ikkje særskild næringsrik for jordbruk. I staden vil rydning ha gjort det langt enklare å bevege seg på kollen for folk og fe. Rydningsrøyser er vanskelege å datere, og vi kan ikkje vere sikre på at rydningsrøysene på Solum vart rydda samstundes med busetjinga, men ut i frå alt vi veit om aktivitet på staden, er det sannsynleg.

Ei av rydningsrøysene i sørleg del av den midtre terrassen. Det har truleg vore praktisk å kaste stein opp mot store steinblokker for å rydde området omkring. Foto: Camilla C. Wenn/KHM.
Dyrkinga har heller skjedd på flatene omkring, slik det også gjerast i dag. Indikasjonar på dette fanst i den største gravhaugen, ved overgangen mellom kollen og eit flatare landskap omkring, der jordstykka er skilde av små ravinar på silthaldig grunn, og med betre tilgang på vatn. Frå gravhaugen vart det analysert blokkar av jord (såkalla jordmikromorfologiske prøver, der strukturen til jordlaga undersøkast). Materialet i jordblokkane var generelt finkorna og skilde seg frå jorda i dei andre gravene og hustufta. Laga som høyrde til perioden før haugen vart bygd og den første byggefasen med kjernerøysa var hovudsakeleg undergrunnssilt med litt organisk innhald, og likna grunnen rett rundt gravhaugen. Hovuddelen av sjølve haugen hadde derimot mykje organisk materiale av same type som dyrka jord, og er tolka som påført jord henta frå eit dyrka område. Pollen frå lag som var danna kort tid før haugen vart bygd stamma særskild frå vekstar som knytast til eit ope beitelandskap med gras og eng, i tillegg til ein del kornpollen, særskild bygg, og andre vekstar som viser at kornåkrar har ligge i nærleiken av gravhaugen. Plasseringa av gravhaugen, på grensa mellom den terrasserte og stykkevis steile kollen og dei dyrkbare flatene omkring, kan forklare kvifor dyrkingsspor, både pollen og jord, dukkar opp akkurat her.

Dokumentasjonsvegen frå utgraving til rapport. Dei lange snitta gjennom gravhaugane er viktige for å forstå haugane. Det øvste biletet er ein fotogrammetri av eit profil i gravhaug A3000, og nedanfor vart det same profilet teikna, før naturvitskapelege prøver vert tekne ut. Dei små glasa inneheld jord til pollenanalyser frå forskjellige lag i haugen. Feltteikninga inneheld all informasjon om laga i haugen og prøvene. Denne vert så reinteikna digitalt og eventuelle nye tolkingar lagde til for publisering i rapporten. Illustrasjoner/foto: Tone Bergland/Hilde M.S. Melgaard/Camilla C. Wenn/Kristin Eriksen/KHM.
Korn finn vi og att i makrofossilane (restar av brende planter) frå hustufta. I mange av stolpehola vart det funne korn (agnkledd bygg, havre, og moglege tilfelle av naken bygg, rug og kveite), og dreiekvernfragmenta tyder på at kornet har vorte male. Andre planterestar var frå ugras og artar som ofte finst nære hus og gard, på eng og i nærleiken av våtmark. Det vart og påvist einebær og einebærkjernar, hasselnøttskal, tågebær, hirse, granbar og kongleskal, og vi får såleis eit innblikk i kva vekstar ein åt og nytta. Osteologisk analyse av dei brende beinfragmenta frå tufta viste at ein blant anna brukte svin og får/geit i hushaldet.
Nokre observasjonar kring gravene er verd å merke seg. På Solum var det i same periode bruk av forskjellige typar gravminne, som større gravhaugar med kjernerøys, små haugar utan særskilde konstruksjonselement og steinsettingar. Tre av gravene har kremasjonar, men gravrituala skil seg: Ein gravhaug vart lagt direkte på kremasjonsbålet og det brende gravgodset. I steinsettinga har ein del bein, gravgods og kol vorte flytt frå ein kremasjonsplass til gravminnet, medan i den største haugen har truleg berre eit utval av reinsa bein vorte plassert i grava etter kremasjonen. Dei to små haugane kan ha innehalde inhumasjonar (graver der lekamen har vore lagt ned ubrend) eller dei har vore tomme. Gravene var spreidde, med dei fleste på eitt større gravfelt med utsikt over nærområdet, og ein einsleg, men stor gravhaug på det som kan synast som ein mindre attraktiv stad. Kanskje kan den store gravhaugen forståast som eit skilje mellom gardstunet (i vid tyding) og dyrka mark på garden? At alle gravene er plasserte på stader med skrinn jord kan vere vesentleg, ettersom dei ikkje har lagt beslag på verdfull dyrkingsjord.
Undersøkinga har og gitt resultat som fortel om aktivitet før og etter hustufta og gravene. Under ei rydningsrøys og under eller nære tre av gravhaugane låg det kokegroper. Kolet i kokegropene vart datert til dei åtte siste hundreåra før vår tidsrekning, i siste del av yngre bronsealder og i førromersk jernalder, og gravene og røysa er difor yngre enn dette. Området har såleis vore nytta som samlingsplass lenge før busetjinga kom til.
I tillegg til pollenprøvene frå lag under den store gravhaugen, vart og ei prøve frå toppen av den opphavlege haugen analysert, altså etter at gravminnet vart fullført, men før det vart plyndra og jord vart kasta over toppen. Prøva skil seg frå dei andre pollenprøvene, og hadde lite pollen frå korn og ope landskap, men i staden mykje trepollen. Dette tyder på at det tidlegare opne landskapet med beite og korndyrking grodde att. Vi veit ikkje når dette hende, men sett saman med dateringane frå hustufta og dei andre gravene, tyder det på at staden var forlate mot slutten av folkevandringstida, slik vi kjenner frå andre stader. Busetjing, dyrking og graver vart flytta til ein annan plass.
Holvegen har vi ingen sikker datering på. Korkje laga i vegen eller gjenstandsfunn gjev oss informasjon om når han var i bruk, og vi må i staden vurdere han ut i frå plasseringa. Dagens vegfar går frå Solum kyrkje, og om det er knytt til det opphavlege bygget, har det vore i bruk i seinmellomalderen. Holvegen strekk seg vidare gjennom eit gravfelt datert til jernalder på garden Gravklev, om lag 235 m nordaust for dei undersøkte områda på Solum. Vegfar som går gjennom samtidige gravfelt i eldre jernalder er kjend frå andre plassar, og det er såleis mogleg at holvegen på Solum kan vere like gamal som busetjinga og gravene.
Utanfor utgravinga
Dei undersøkte lokalitetane ligg i eit sentralt kulturlandskap i Solum- og Grenlandsområdet. Jens Storm Munch kalla Solum for «nøkkelbygda» i Grenlandsområdet, med eit stort antal bygdeborger og gravminne. Grenlandsområdet tolkar han som eit maktsentrum med stor strategisk tyding i eldre jernalder. Telemarksvassdraget var ein viktig ferdselsveg ettersom det knyter saman store delar av dalføra i indre Telemark, og såleis sto for varetransport ned til kysten av produkt frå utmarksproduksjon, jakt og liknande. Skien, som ligg ved utløpet av Telemarksvassdraget, har vore eit viktig knutepunkt for denne handels- og ferdselsruta. Nære Skien har særleg Bratsberg og Gjerpen vore viktige stader i førhistoria, noko dei mange helleristingsfelta og gravfelta viser. Skien by har ei lang historie, der dei eldste busetjingsfasane kan daterast til det 900-talet, kanskje opphavleg som eit sesongbasert handelsknutepunkt som på 1000-tallet vert eit overregionalt handelsmønster med permanent busetjing og ein regulær mellomalderby. Dagens Solum kyrkje vart bygd i 1766, men kyrkjestaden er eldre, og er mellom anna nemnd i Raudeboka frå om lag 1390 og i to skinnbrev frå 1349 og 1397. Delar av dagens inventar stammar frå mellomalderen.
I ei omkrins på nokre kilometer for det undersøkte området finst ei rekke kjende gravfelt, mellom anna feltet på Gravklev. Gravfelta er ofte gitt ei generell datering til jernalder og det er få av dei som er undersøkte av fagfolk. Eit unntak er på Bjørntvedt, om lag 3,5 km aust-søraust for Solumlokalitetane. Her vart tre gravhaugar undersøkte for drygt 80 år sidan, med funn som truleg er frå eldre jernalder, men andre lausfunn frå gravfeltet spenner fleire hundreår frå starten av vår tidsrekning og til vikingtid.
Kjende busetjingar i området er førebels mindre talrike enn gravfelta, men det dukkar stadig opp nye. Det finst langhus og moglege langhus frå yngre bronsealder, førromersk jernalder og romartid i Skiensområdet, i tillegg til andre, meir uvanlege hus som og er litt yngre, men det er hittil ikkje funne hus i same storleik frå same periode som huset på Solum. Det finst spor av aktivitetar som kokegroper og dyrkningsspor frå ulike periodar. Sjølv om andre større gardsanlegg frå folkevandringstid ikkje er kjende i området no, vitnar alle gravfelta om at det har vore omfattande busetjing gjennom store delar av jernalderen, og restar av tilsvarande gardar finst truleg fleire stader.
Utgravingsrapporten frå Solum kan lastast ned her. Fleire foto finnast i Norark-innlegga som vart skrivne undervegs i utgravinga.
Og som eit siste lille PS for dei som tykkjer tufta er særleg spanande: Medan arbeidet med rapporten frå Solum vart gjort ferdig, har det vorte undersøkt ei tuft med mange like trekk på Oppsal i Ås kommune, Viken. Denne tufta var enda betre bevart enn tufta på Solum. Vi ventar spente på dei endelege resultata frå undersøkinga, men mellombels kan ein få eit innblikk i utgravinga.
Lenke til utgravingsrapporten: https://www.duo.uio.no/handle/10852/97507