Utgravingsprosjekt Sperre

Utgraving på Sperre, Ellingsøya i Ålesund kommune

24.06.15
Av Redaksjonen

I perioden frå 26. mai til 19. juni har Universitetsmuseet i Bergen gjennomført ei utgraving på garden Sperre på Ellingsøya i Ålesund kommune. Det vart undersøkt to hus, truleg frå eit gardsanlegg frå førromersk jarnalder. Vidare vart det dokumentert restar av førhistorisk dyrking og undersøkt kokegroper og andre gropliknande strukturar.

Undersøkingsområdet ligg sørvendt mot Ellingsøyfjorden, omlag 10 meter over havet, litt innpå det som ein gong har vore eit nes (her er i dag ein fiskeforedlingsfabrikk). Av interessante funn i nærleiken, er det særleg eit funn frå nabogarden Slottsvik som skil seg ut. Her vart det i mellomkrigsåra funne fleire delar av støpeformer til bronsesverd i kleberstein. Formene passar til sverd som typologisk høyrer heime i  periode V av breonsealderen (900-700 f.Kr).

Husa

Båe husa har vore treskipa langhus, men diverre er ingen av dei bevart i sin heilskap. Moderne grøftegraving har skadd den eine rekka med takberande stolpar i båe husa, og det eine huset er kutta av ein veg. På bakgrunn av ei datering frå fylkeskommunen si registrering samt samanlikning med tidlegare undersøkte hus, trur vi husa stammar frå førromersk jarnalder (fylkeskommunen si datering frå eine stolpeholet gav 380-200 f.Kr ). Vi skal sjølvsagt sende inn fleire prøver for å fastslå datering nærare.

hus2_norark

Hus 2 er dels skadd av ei moderne grøft og kutta av ein veg. Fotografert med fotostang.

 

Hus frå førromersk jarnalder

Det er etterkvart undersøkt ein god del hus og gardsanlegg frå førromersk jarnalder på Sunnmøre. Det dreier seg om hus der dei takberande stolpane står tett, men ofte med ujamn avstand mellom stolpepara. Husa er forholdsvis korte; oftast rundt 15 meter lange og aldri lenger enn 20 meter. Breidda er rundt 5 meter. Der ein har hatt høve til å undersøke større område, som til dømes i nærleiken av Ørsta sentrum, teiknar det seg eit bilete av at desse gardsanlegga har hatt ei relativ kort levetid før dei har blitt flytta til ein annan stad i nærleiken. Enkelte har foreslått at det einskilde gardsanlegget si levetid har vore knytt opp til brukarane si levetid. Når ein generasjon gjekk bort, tok ein også ned husa deira og den neste generasjonen etablerte seg med nye bustadar eit stykke unna.

 

Få gjenstandsfunn

Det vart gjort nokre få gjenstandsfunn under opprensing av flatene og snitting av strukturar. Eit stort skår av asbestkeramikk kan truleg settast i samanheng med bustadfunna. Skåret er så pass godt bevart at vi på bakgrunn av kurvaturen kan slå fast at det må ha tilhøyrt eit ganske stort kar. Elles er det gjort spreidde funn av flint og eitt fragment av ein skiferspiss. Flintfunna kan vere samtidige med busetnadsspora, eller dei kan vere eldre. Skiferspissen kan tyde på at her også har vore busetnad i midten av yngre steinalder. Det er forsåvidt ikkje ein ukjent situasjon på Sunnmørskysten da dei sjønære strandbremmane har vore attraktive busetnadsområde både for ei fangst- og fiskebasert befolkning i steinalderen, og jordbrukarar i seinare delar av førhistoria.

skiferspiss_norark

Fragment av skiferspiss funne på siste dag av utgravinga. Spissen viser at området også har vore attraktivt i yngre steinalder.