I siste blogginnlegg presenterte vi den første sikre reiskapen i bein frå Sømmevågen, ein harpun. Både storleiken og strukturen i beinet tyder på at harpunen er laga av kvalbein. At ein har nytta kvalbein for å laga reiskaper i Sømmevågen vart langt på veg bekrefta for nokre dagar sidan då vi fann eit ca. 80cm langt ribbein til ein kval.
Ribbeinet vart funne i same område som vi har mykje beinfunn frå før, og det låg berre nokre meter frå der harpunen vart oppdaga. Kvalbeinet vart tatt inn i preparat, så vi har ikkje hatt moglegheit til granska det nærare. Vi er heller ikkje sikre på kva kvalart beinet høyrer til, men storleiken tyder på at det må vera ein forholdsvis stor kval.
Tidlegare har vi også funne bein som ut frå storleiken kan vera kvalbein, og i 1985 vart det funne fleire kvalbein like nordaust for der vi graver nå. Desse beina låg i eit gytjelag som er datert seinmesolitikum. I laget vart det også gjenstandsfunn frå same periode.