Utgravingsprosjekt Sakkastad Hageby

Eld og jord på Sakkestad

12.05.17

Dronefoto_kokegroper_45m_Sakkastad_rOversynsfoto mot Karmsundet_reducedNo har undersøkinga pågått i om lag 3 veker, og vi har fått eit godt oversyn over kva som finst av førhistoriske restar på lokaliteten.

Det mest særprega så langt, er dei 10 eldproduserande anlegga (truleg hovudsakleg kokegroper) som ligg på rekkje, orientert om lag nord – sør. To av desse er 14C-datert tidlegare – dei vart først påvist under registreringsundersøkinga i 2014 – og begge viste seg å vere frå perioden ca 300 – 100 f. Kr. Basert på utsjånaden og plasseringa, er det sannsynleg at alle desse eldproduserande anlegga stammar frå den same tidsperioden – kan det vere snakk om kultisk aktivitet?

Vi har også funne fleire restar etter gammal jordbruksaktivitet på staden – både ardspor etter pløying, og sjølve dyrkingslaga. I desse laga dukkar det opp bitar av flint og leirkar. Under registreringsundersøkinga i 2014, vart det gjort 14C-dateringar frå fleire av desse laga, og dei stammar frå perioden ca 2100 – 1500 f. Kr., dvs. frå slutten av steinalderen og første del av bronsealderen. Ein del stolpehol og groper på staden gjev håp om at det kan finnast fleire spor etter desse tidlege bøndene sine hus, ved / under desse dyrkingslaga.


Kommentarer


Kai
22.05.2017

Spennende prosjekt dette :). 
Hyggelig å hilse på i dag, og kjekt med arkeologiske utgravninger to minutter hjemmefra for min del.
Stikker nok bortom flere ganger og tar en titt.