Utgravingsprosjekt Madla

Jernaldergardar og gullfunn på Madla

07.09.18
Gullring og agraffknappar er ferske opp av jorda

– varierande rikdom i nabolaget i romartid og folkevandringstid?

Vi er inne i den siste månaden av feltsesongen på Madla, og det er hektisk med undersøking og dokumentasjon av ei mengde stolpehol, eldstader og groper.

(Dronefoto med utsyn over delar av hovudfeltet – med Hafrsfjord og Ullandhaug i bakgrunnen)


(Uttak av makrofossilprøver og pollenprøver frå gamle dyrkingslag)

Hovudfeltet er dominert av eit gardsanlegg frå eldre jernalder (romartid – folkevandringstid), med to parallelt plasserte Langhus (begge c. 35 – 40 meter lange) med ein gardsplass mellom – og såleis ganske likt den rekonstruerte Jernaldergården på Ullandhaug nokre kilometer unna.


(Langhusa Hus 1 og Hus 2 tilhøyrande gardsanlegget)

Eit tredje Langhus (c. 30 meter langt) er nyleg påvist like ved, og dette kan også tilhøyre denne garden – eller det kan stamme frå ein annan tidsperiode, det er for tidleg å seie sikkert enno. Det er frå dette hovudfeltet vi har gjort dei flottaste gjenstandsfunna – og i særstilling her står funna vi har gjort i samarbeid med Rygene Detektorklubb: betalingsring av gull, gullbelagte agraffknappar (frå hektespenner tilhøyrande drakt frå 500 – talet, dvs. folkevandringstid) og eit fragment av ein fibula – alt innan same område. Funna stammar truleg frå ei grav, men denne har vi dessverre ikkje funne bevarte spor etter. Er det storbonden eller kona hans frå gardsanlegget som har fått dette med seg til dødsriket? – det stemmer iallfall overeins med bruken av langhusa.


(Rygene Detektorklubb i aksjon før flateavdekkinga)


(Foto ved Terje Tveit, AM UiS)

I eit område på feltet har vi både karbondateringar frå 900 – talet og gjenstandsfunn av klebersteinskar som truleg også er frå vikingtid – kan vi her endeleg få tak på busetnadsspor etter dei sagnomsuste vikingane frå Hafrsfjorden?
På eit noko mindre undersøkingsfelt, på eit lite høgdedrag c. 200 meter nord for dei nemnde husa, har vi påvist nok eit busetnadsområde med spor etter hus og karbondateringar frå romartid. Det verkar å ha vore færre og mindre bygningar her – truleg er det den noko fattigare naboen?
Som ein del av prosjektet, har vi gjort omfattande sjaktundersøkingar i den nærliggande myra – og under eit øvre lag av moderne påfylt skrot har vi klart å få fram bevarte myrmasser som er tekne prøver av for vidare analyser: her kan det liggje mykje ny informasjon om forhistorisk planteliv og menneska sin bruk av myra og området rundt.

(uttak av prøver i myra)


Kommentarer


John Kvanli
07.09.2018

Hei, Even
Kjempeinteressant artikkel, og takker for oppdraget.

Her en link nå etter dere har publisert som avtalt hos oss:
https://www.rygenedetektorklubb.com/blog/detektoroppdrag-for-am-uis-på-madla

Leif Hval
08.09.2018

Hadde jeg enda vært smart på skolen skulle jeg blitt arkeolog.det virker sykt spennende.
Flott at det blir brukt ressurser på slike undersøkelser før gravemaskinene kommer å fjerner alt for alltid 🙁

Kåre R. Walvik
10.09.2018

Som Stavangerguidene er dette spennende funn fra vår fortid! Absolutt noe for en Stavangerguidene å fortelle til turister m.m.



Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.