Gard frå vikingtid stadfesta av nye karbondateringar frå Madla – utgravinga i 2018
I løpet av det siste året har det pågått eit etterarbeid tilknytta dei arkeologiske undersøkingane frå feltsesongen 2018. Dokumentasjonsmateriale har blitt vurdert og tolka, og naturvitskapelege analyser har gjeve informasjon om aktivitetar og bruksperiodar. Denne jobben vil halde fram inn i 2020 før den endelege rapporten er klar, men her kjem ei kort samanfatning av nokre av hovudpunkta så langt.
Resultata av til saman c. 100 karbondateringar (C-14 – analyser) frå utvalde anleggsspor som eldstadar, groper og stolpehol har gjeve eit svært spennande mønster å jobbe vidare med. På hovudfeltet støttar dateringane klart hypotesa frå feltarbeidet om at det fanst spor etter to parallelle langhus tilhøyrande eit gardsanlegg frå romartid – folkevandringstid; fleire titals karbondateringar frå sentraleldstadar i dei to langhusa (markert i grønt på figuren: Hus 1 til høgre og Hus 2 til venstre) gjev alle dateringsresultat innan tidsspennet c. 100 – 550 e. Kr.
Eit mindre hus (markert i gult: Hus 66) like SØ om desse har dateringsresultat som er noko eldre, frå overgangen førromersk tid – romartid. Dette tyder klart på ein tidlegare busetnadsfase her, frå tida rett før det tydelege gardsanlegget. Endå meir spennande er kva som i grunn skjedde med garden i løpet av 500-talet – blei det nedgangstider og fråflytting som på så mange andre påviste tun frå denne tida? Svaret på det er ikkje heilt avklara enno – men vi veit at det utvilsamt skjedde endringar. Hus 1 har ingen dateringsresultat frå etter byrjinga av 500 – talet, medan Hus 2 har ei eldstadsdatering frå 700-800-talet (eldre vikingtid). Denne yngre dateringa frå Hus 2 kan kome av tilfeldig attbruk av ein tuftruin lenge etter at sjølve Hus 2 var fråflytta, men samstundes veit ein frå karbondateringar at eit langhus rett mot vest (markert i rosa: Hus 26) var klart i bruk i tidsrommet c. 700 – 900 (merovingartid – eldre vikingtid). Har området vore utan busetnad i eit par hundre år, for så å bli teke i bruk att, eller skjuler det seg enno bruksfasar innan det fleirfasa og komplekse Hus 2 som kan vise til drift her på 600 – talet også? – dette er ei av problemstillingane som vi må jobbe vidare med.
Det som derimot verkar klart, er at det skjer ei ny lokalisering av garden i løpet av vikingtid. Det er lenger aust på høgdedraget gardsanlegget no vart bygd, med store og små hus (markert i lilla: Hus 13, 14, 56 og 65) sikkert karbondatert til perioden vikingtid – tidleg mellomalder. Somme av desse husa kan ha vore i bruk samstundes med det omtalte Hus 26, men fleirtalet av dateringsresultata peikar mot ein noko seinare bruksperiode (c. 900 – 1100).
Det har vore ei utfordring, både i feltsituasjonen og i etterarbeidet, at dei sentrale delane av dette området i aust var «fullstappa» av stolpehol, på kryss og tvers; kva høyrer i grunn til kva hus? Mangelen på klare sentraleldstadar har heller ikkje vore til hjelp.. Bygningstolkingane markert i oransje (Hus 15, 23, 41) er såleis noko usikre med omsyn til utforming og alder, men alle av dei har fleire karbondateringar til tidsspennet vikingtid – tidleg mellomalder, noko som truleg avspeglar at dette var del av eit større busetnadsområde/gard på denne tida.
Dei øvrige tolkingsforslaga til bygningskonstruksjonar på hovudfeltet (markert med grått) er ikkje karbondaterte enno, men somme av dei klaraste av dei vil bli datert i den neste (og siste) leveransen av dateringsprøver. Då vil det også bli meir fokusert på tilhøva på det mindre, nordlege, undersøkingsområdet – her var bevaringsforholda dårlegare, men dei dateringsresultata som per no stammar derfrå fortel om busetnad her både i bronsealder og romartid.
Oppsummeringsvis, så viser resultata frå Madla – utgravinga så langt klart at 1) det var busetnad på hovudfeltet allereie frå bronsealder av, men at det eldste påviste huset er frå tidlegast c. 100 f. Kr (førromersk tid), 2) at det skjedde ei tydeleg omorganisering og utviding av gardshusa til eit distinkt gardsanlegg med to parallelle langhus plassert på kvar side av ein gardsplass i romartid – folkevandringstid, 3) at dette gardsanlegget blei nedskalert/gjekk ut av bruk på 500-talet, 4) at ein så langt manglar spor/dateringar etter tydeleg drift av gard her i tidsspennet c. 550 – 700, og 5) at det finst klare og veldaterte spor etter fleire bygningar på feltet frå c. 700 – 1100. Både folkevandringstidsgarden og vikingtidsgarden er påvist, no held arbeidet fram med å forstå meir av kontinuitet og endring i løpet av heile jernalderen, og tilhøvet til «nabogarden» på undersøkingsfeltet i nord. Vi veit ikkje om nokon frå denne Madla – garden deltok i slaget ved Hafrsfjord i c. 872, men frå husa sine på høgdedraget kunne dei iallfall sjå på dramatikken til sjøs.