Utgravingsprosjekt Hovlandshagen

Johan Vespestad og dei første grønsteinfunna på Bømlo

16.08.18
Johan Vespestad fotografert av Haakon Shetelig på Sokkamyro i 1918.

Denne veka har vi starta opp med dei arkeologiske utgravingane av buplassar frå steinalder i Hovlandshagen på Bømlo. I den samanhengen passar det å sjå tilbake på korleis Sør-Bømlo kom til å få ein slik sentral plass i forskinga om steinalderen på Vestlandet.

Johan Vespestad og Sokkamyro

Sokkamyro er ei stor myr som ligg på garden Vespestad ved botnen av Langevågen, om lag 2 km vest for Hovlandshagen. På slutten av 1800-talet dreiv gardbrukaren Johan Vespestad med nydyrking av myra. Under grøftegraving trefte han stadig på steinar som tydeleg var slått til av menneske. Nokre av steinsakene var i flint, men her var også ei mengd avslag, økser og økseemne av ein mørk grøn, tett og fin bergart. Både i 1897 og 1898 tok han med seg stein til Bergen og synte dei fram for museet sin konservator, som den gang var arkeolog Gabriel Gustafson. Vespestad vart oppmoda til å samle meir, og kom i 1901 til museet med 300 tilhogde steinstykker frå Sokkamyro. Vespestad sine funn var faktisk dei første arkeologiske funna som kom inn til museet frå Bømlo.

Haakon Shetelig tek til å arbeide for Bergens Museum

Gabriel Gustafson tok i 1900 til som arkeologiprofessor ved Universitets Oldssakssamling i Oslo. Som erstattar for Gustafson tilsette Bergens Museum Haakon Shetelig, som da var 23 år gamal og framleis student. Shetelig flytta frå Oslo til Bergen tidleg i 1901. Slik blei det altså Shetelig som tok i mot Johan Vespestad på museet i 1901. Alt same våren reiste Shetelig til Vespestad, til det som var den nytilsette konservatoren sitt aller første oppdrag i felten.

Shetelig grov ut 4 m2 av buplassen i Sokkamyro i 1901. På den tida var det berre gjennomført ei utgraving av steinalderbuplassar i Noreg; Gustafson sin utgraving på Holeheia på Jæren i 1898.

Utsikt over Sokkamyro og Langevåg i 1919. Foto: Haakon Shetelig.

«Et bosted frå stenalderen paa Bømmeløen»

Shetelig publiserte funna frå utgravinga i årboka til Bergens museum same år. I artikkelen er han inne på fleire tema som skulle bli viktige i det vidare arbeidet med steinalderen, både på Bømlo og Vestlandet elles. Til dømes peika han på at havet må ha stått høgare da buplassen var i bruk, slik at den opphavleg har lagt i tilknyting til ei grunn vik som gjekk inn frå vågen. Laga som vart grave ut vart nøye skildra, og han diskuterte korleis dei kan ha vorte danna, både gjennom naturlege og menneskeskapte prosessar. Museet sin geolog Carl Fredrik Kolderup såg nærare på dei mørkegrøne steinane, som han foreslår kan kallast «grønsten», og ei kort vurdering frå han er med i artikkelen. Her samanlikna han bergarten med diabas og peika på at liknande stein fins i området rett sør for Vespestad. Kolderup konkluderte med at «de ved Vespestad fundne stensager hidrører frå bergarter, der staar i fast fjeld i findestedets umiddelbare nærhed». Ein ser altså her kimen til betydninga av å forstå havnivåendring og lagdanning samt nytten av tverrfagleg samarbeid. Med grønsteinen si lokale geologiske tilknytning etablert, starta også jakta på råstoffkjelda.

Shetelig og Vespestad

Shetelig held fram med å undersøke Sokkamyro både i 1902, 1903 og 1905. I 1904 var han oppteken med utgravinga av Oseberghaugen. Johan Vespestad hjelpte til ved gravingane i Sokkamyro og det utvikla seg eit nært venskap mellom dei. Så var Shetelig oppteken med andre oppgåver nokre år, medan Vespestad og andre stadig fann nye funnstadar med grønstein rundt om på Sør-Bømlo. Slik vart ein etter kvart klar over det store omfanget av grønsteinsfunn i området. Da Shetelig igjen vendte attende til Bømlo i 1917, var det også funne buplassar med grønstein i Hovlandshagen. Frå då av var Shetelig nesten årleg på Bømlo, ofte saman med studentar og kollegaer.

Johan Vespestad fekk Kongens fortenestemedalje for sin arkeologiske innsats. Da han gjekk bort i 1940 skreiv Shetelig eit minneord om han i Bergens Tidende som han avsluttar slik: «Med full rett skal Johan L. Vespestads namn for alltid være knyttet til Bømmelfunnene som en av de viktigste oppdagelser i norsk oldforskning».

 

Kjelder:

Hovland, Kari Shetelig 1995 Haakon Shetelig – Arkeologen og mennesket. Alma Mater forlag, Bergen.

Shetelig, Haakon 1901 Et bosted fra stenalderen paa Bømmeløen. Bergens museums Aarbog No. 5.

Shetelig, Haakon 1940 Minneord om Johan Vespestad. Opphavleg publisert i Bergens Tidende, gjengitt i «Leidarsteidn» Bømlo tur- og sogelag julehefte 2001.

Shetelig, Kari 1964 Haakon Sheteligs utgravninger på Bømlo 1901-42. Viking bind XXVIII.