Utgravingsprosjekt Hovlandshagen

Eit strandhogg for 11300 år sidan

18.09.18

Denne veka har vi avslutta utgravinga på Uratangen IIb, og dermed er den første av lokalitetane vi skal undersøke ferdiggravd. Lokaliteten på Hovlandshagen er den eldste lokaliteten som vert undersøkt på prosjektet, og gir eit glimt av menneskeleg aktivitet i Hovlandshagen for meir enn 11000 år sidan.

 

Ei tid med rask landskapsendring

Når vi meiner lokaliteten er 11300 år gamal, er det på bakgrunn av rekonstruksjonar av strandlinjenivåa i steinalderen. Geologane som arbeider med endringar i havnivået gir oss gode moglegheiter til å gjenskape korleis havlandskapet har endra seg. For om lag 11500 år sidan stod havet her 30 meter høgare enn i dag, medan det berre 500 år seinare hadde sunke ned til eit nivå 13 meter over dagens. Uratangen IIb ligg mellom 23 og 24 meter over havet. For rundt 11300 år sidan vil havet ha stått om lag 22 meter over dagens nivå. Da vil plassen ha hatt ei gunstig plassering i høve til havet. Her ville ha vore gode landingsplassar for båt både aust og nordvest for buplassen.

På den tida vil Hovlandshagen hatt preg av skjærgardslandskap med små øyar og holmar, truleg ikkje så ulikt dagens skjærgard på vestsida av Bømlo. Buplassen vil da ha lagt på ei landtunge på nordsida av ei øy rundt Heimstre Ørnasåta. Nord for buplassen vil ha vore eit lite sund mot ein holme rundt Instra Ørnasåta. Ein liten knaus har gitt litt livd mot nordavinden. Frå buplassen vil ein ha hatt god oversikt over kva som rørte seg i sjøen mot nord og aust. Dermed kunne ein reagere raskt om det til dømes dukka opp ein sel i vatnskorpa. Eit par generasjonar seinare vil landskapet ha endra seg mykje. Sundet nord for buplassen vart fast land, og i takt med den synkande strandkanten har seinare besøkande valgt å slå seg ned på strendene som etterkvart steig opp av havet aust for lokaliteten.

Omlag slik kan området ha sett ut da Uratangen IIb var i bruk.

Funnmaterialet frå Uratangen IIb

Materialet frå buplassen består nesten utelukkande av flint. I tillegg er her nokre få funn i kvartsitt. Grønstein finn vi ikkje, så det er tydeleg at buplassen er frå ei tid før dette råstoffet vart teke i bruk. Noko omfattande materiale er det ikkje. Her er om lag 350 funn som ligg konsentrert innanfor eit 15 kvadratmeter stort område. For det meste flintavslag, men også ei skiveøks, ein skrapar, ein kniv og eit par mikrolittar (skarpe flintflekker som har vore skjefta i piler eller spyd). Flintavfallet er særs likt på utsjånad og det er truleg at det meste av flinten vi finn her stammar frå ein eller to flintknollar.

 

Ei lita skiveøks frå Uratangen IIb

Det er ikkje naudsynt negativt med eit lite og avgrensa funnmateriale. Faktisk seier dette mykje om leveviset i den eldste steinalderen. Det gir også unike moglegheiter til å studere den teknologiske kunnskapen bak tilvirkinga av flintreiskapar. Besøket her må ha vore kort. Kanskje dreier det seg om ei overnatting, eller eit kort stopp for å sjå over reiskapane og lage nye. Livet i den tidlegaste steinalderen på Vestlandet har vore særs mobilt, og truleg har ein tilbrakt mykje tid om bord i båt. Sidan buplassen berre har vore brukt ein gong, har ikkje seinare besøk flytta om på funna. Flintavslaga ligg på same staden som der dei fall til jorda for 11300 år sidan. Konsentrasjonen er rett framfor ein stein; her må den som hogde flinten ha sete. Ved å sette saman funnmaterialet kan ein difor få innblikk i korleis flintknollane har vore arbeida med fram til ferdige reiskapar.

Hovudkonsentrasjonen av funna frå Uratangen IIb ligg framfor steinen som William her sit på.