Det er tett mellom spora etter den gamle reinfangstkulturen ikring Nord-Gudbrandsdalen. Og mangfaldet er stort, frå bågåstøer og fangstgroper til gigantiske massefangstanlegg. Men så har det da også vore «heimeområdet» til den kjente fangstminnegranskaren Øystein Mølmen.
Med varmare klima har arkeologane møtt nye utfordringar. Korleis skal ein fanga opp og sikra «nye» gjenstandar som smeltar fram? Desse representerer jo ein viktig del av kulturhistoria vår! Men den snøgge nedsmeltinga fortel oss og om ein natur og eit klima i ulage. Det uroar oss midt oppe i funna av desse unike kulturskattane.

Arkeolog Elling Wammer «inne i» Nørdre Dalfonna på Kjølen i Reinheimen under feltarbeid i 2012. Dersom nedsmeltinga av fonnene held fram i åra som kjem, blir kulturvernmyndigheitene sett på store prøver, for mange stader er det konservert viktige fangstminne gjennom meir enn 1500 år. Foto: per Jordhøy.
Dei siste 10 åra har vore sjeldan rike på slike fortidsfunn og nokre somrar har fonnene i fjellet vore historisk småe, kanskje på nivå med det ein hadde tidleg i yngre jarnalder (500 år e. Kr.). Eit stort potensiale innebær dette, for å få innsikt i kvardagen til fangstfolket.
Hovudressursen dei var på jakt etter var sjølvsagt det nøysame grådyret, fjellets nomade som i meir enn 30 000 år har forsynt europearar med livgjevande næring. Mengda og mangfaldet av funn er utruleg, frå gamle tekstilstykke og fotty, til hesteskor, pilespissar og skræmepinnar (flagrar).
Du kan lese meir om dette temaet i den nye jubileumsboka om Reinheimen og Breheimen.

Døme på skræmepinnar ved ei nedsmelta fonn på Lesjasida av Reinheimen i 2006. Desse vart sett opp i rekker for å styra reinsdyra inn mot «fellene». Det vart og funne ein pilespiss med typologiske trekk som tilseier ein alder på 1500–1600 år. Foto: Per Jordhøy.